Vind i håret.
Fjorden under deg.

Me tilbyr guida RIB-BÅT turar på Sognefjorden. Me ynskjer å gje kundane våre god måte å nyte fjorden på og ei naturoppleving nesten utan sidestykke. Velkomen ombord og nyt turen!

Balestrand fjord adventures finn du ved turistinformasjonen (Balestrand adventure).

Vil du ha vind i håret? Me har turen for deg!

Utforsk den vakre Sognefjorden gjennom våre guida turar. Bli med på den daglege Balestrand rib tour, eller bli med inn i dramatisk natur på Finnabotn rib tour.
Vil du ha noko heilt eige? Vi arrangerer gjerne private fjordturar til stader du ønskjer

Våre turar

Om oss

Me starta opp i 2011

Me har 2 rib båter med 2*300 Yamaha

Me ynskjer å gje kundane våre ei så god oppleving av fjorden som mogleg. Difor er sikkerheit sett i høgsetet og sikkerheitsinstruksar vert gitt før kvar avgang. Førarane er lokale,  med god kunnskap om fjorden, området, dyreliv og historie.

Me ynskjer deg velkomen ombord på ein av våre turar!
Lars Arne Målsnes, Balestrand fjord adventures

Bestill di fjordoppleving!

Turane passar for personar i alle alderar. Sikkerheitsrutinar vert gjeve før kvar avgang. Du får utlevert briller, redningsvest og flytedrakt som held deg god og varm. Me tlibyr også lue og vottar

We gjer vårt beste for å tilpasse farten, stopp undervegs og rute etter ynskje og værforhold .

Ta gjerne med kamera på tur. Møteplass for alle turane våre frå Balestrand er på turistinformasjonen.

Send oss ei melding

    Kontaktinformasjon

    info@balestrandadventure.no

    +47 47 85 53 23